NB!! Bussen går 19.mai - 30. september
Brebussen er eit fantastisk tilbod til deg som er
på ferie ved Sognefjorden. No kan
du lett ta ein dagstur til Nigardsbreen,
besøke Breheimsenteret og vere med på ein guida
tur på Nigardsbreen. Eller du
kan stogge i Solvorn,
ta ferja over til Urnes, og bruke dagen
ved Urnes
stavkyrkje. Kva du enn vel er du garantert
ein toppdag.
Sjølve
Brebussen går mellom
Sogndal og Nigardsbreen kvar
dag. 08.45 frå Sogndal, 17.00 frå
Breheimsenteret igjen.
Morgon og kveld
er det tilpassa matebussar frå dei
fleste stadene langs Sognefjorden,
som Flåm, Aurland, Lærdal
og Balestrand. Dermed når
du Brebussen same kvar du overnattar.
Finn avgangstider i lista til venstre.
NB! Enkelte stader har ikkje rute
laurdag og søndag!
Jostedalsbreen er,
med sine omlag 500 km2, den største
breen på det europeiske fastlandet.
Heile breen pluss ein del av dei næraste
dalane inn mot breen er verna i Jostedalsbreen
Nasjonalpark.
Ein av dei vakraste
og utan tvil lettast tilgjengelege brearmane
er Nigardsbreen i Jostedalen. Framfor
breen er eit lite vatn som blir trafikkert
av M/S Jostedalsrypa.
Og på breen tek Jostedalen
Breførarlag deg med på
bretur.
Minstealder for den lettaste turen er
6 år, dei andre 12 år.
Det finst både korte og lange, lette
og krevjande turar.
Bli med Brebussen på ein dagstur
til dette "Isblå Drøymelandet"
i hjarta av Noreg!
Finn ut bussrutene ved å velje startpunktet
ditt i lista til venstre. Du kan kjøpe
billettar direkte på bussen, eller
på turistkontora ved Sognefjorden.
Og les desse sidene
nøye. Det kan spare deg mange spørsmål
seinare. |