| Nigardsbreen
er den flottaste breen i Noreg. Og det
som er endå betre: ingen bre er
så lett tilgjengeleg og så
godt tilrettelagt for at du kan få
oppleve spenninga og gleda ved å
gå ein tur på ekte is.
Dei spektakulære formasjonane kan
ta pusten frå deg, men samstundes
er du heilt trygg saman med erfarne og
dyktige guidar.
Jostedalen
Breførarlag, som syter for
at du kjem opp og ned av breen, består
av NF-godkjende og internasjonalt godkjende
bre-/fjellførarar og instruktørar,
med stor lokalkjennskap og lang og allsidig
røynsle frå tindefriluftsliv
til alle årstider i inn- og utland.
Innehavarane av Breførarlaget er
alle internasjonalt
godkjende tindevegleiarar.
Billettane til breturane kjøper
du på Breheimsenteret. Der vil du
få informasjon om kva du skal gjere
for å få ein vellukka bretur.
Lytt til det personalet fortel deg, så
går turen smidig og fint.
Detaljert informasjon
om dei turane du kan velje mellom finn
du HER.
Det viktige er å
vurdere kv du ynskjer. Har du med barn
under 12 år må du velje FAMILIETUREN.
Denne turen tek deg på ein times
roleg tur på isen, med enkle stegjarn,
innbunden i tau.
Er barna over 12 år,
og ynskjer litt meir action, vel du KORT
BLÅISVANDRING. Då får
du fullt profesjonelt utstyr, med isøks,
stegjarn, sele og hanskar. Og turen tek
litt lengre tid, ca. to timar på
isen.
Og endå betre
innblikk i breen får du ved å
velje BLÅISVANDRING.
Den tek ca. tre timar på isen, og
tek det inn i det absolutt mest spennande
partiet av breen, med tårn og djupe
sprekker.
Alle
desse turane er opplagde slik at du
er attende til bussen set kursen mot Sogndal
att.
|