Norsk --- English
Buss til Nigardsbreen!
19. ma i- 30. september

Sjå dine rutetider:
Flåm
Balestrand
Lærdal
Sogndal
Årdal
Vik
Leikanger
Fjærland
Solvorn og Urnes
Til Urnes stavkyrkje
Billettar og prisar
LES OM:
Urnes stavkyrkje
Breheimsenteret
Aktivitetar i Jostedalen
Nigardsbreen
Detaljar om breturane
Overnatte i Jostedalen
Nigardsbreen KART
Brebussen går mellom Sognefjordområdet og Nigardsbreen

Breheimsenteret
ligg ved inngangen til Nigardsbreen. Senteret er informasjonssenter for Jostedalsbreen Nasjonalpark, og utstillingane med filmen er vel verd eit besøk.
Bussen kjem til Breheimsenteret kl. 10.15, og dreg vidare til Nigardsbreen 12.00. Du har difor god tid til å sjå utstillingane, shoppe og ete lunch. Det kan også vere lurt å ta med litt mat og drikke på breen.
Billettane til breturen kjøper du på Breheimsenteret. Finn ut kva tur du vil gå, og sikre deg billett tidleg, slik at turen ikkje blir fullbooka før du får billetten din.

Utstillinga i senteret lærer deg alt du treng å vite om breen og historia knytt til breen. Særleg interessant er det at breen veks fleire meter kvart år, trass i at temperaturen på jorda stig. Og interessant er det også å sjå den delen av utstillinga som omhandlar notida. Den er kalla "Luster i dag", og viser dagleglivet i ei bygd mellom breen og Sognefjorden.

Filmen i auditoriet, på storskjerm, tek deg med ut i Sognenaturen, blant fjordar, brear og fjell.

Breheimsenteret har også ein god kafè, med varme og kalde rettar heile dagen, samt ein terrasse med fantastisk utsikt til Nigardsbreen. Tenk å sitje på terrassen med ei kald øl etter ein strålande dag på breen!
Du finn alt frå frå Dale of Norway til postkort og frimerke i souvenirbutikken.

Kajakk på brevatn
Har du sett bilete frå Antarktis, med svære isfjell flytande i sjøen, og ein massiv brefront i bakgrunnen?
Dette kan du også sjå i Jostedalen. Alt du treng å gjere er å booke ein tur med med Icetroll. Og ikkje berre kan du oppleve å sjå isfjell, du kan padle rundt mellom dei, og er du heldig, ser du store blokker av is ramle ned frå brefronten.
Kajakkturane er spektakulære, der du padlar i kraftige, doble kajakkar, mellom isfjell på det blågrøne Styggevatnet.

Det er opplagt at du ikkje klarar å få med deg alt i Jostedalen på ein dag. Det beste er å overnatte, og bruke eit par-tre dagar på å utforske alt det spennande som er her. Sjå litt på overnattingstilboda i fred og ro, og unn deg ein spesiell ferie.