Norsk --- English
Buss til Nigardsbreen!
15. juni - 15. september

Sjå dine rutetider:
Flåm
Balestrand
Lærdal
Sogndal
Årdal
Vik
Leikanger
Fjærland
Solvorn og Urnes
Til Urnes stavkyrkje
Billettar og prisar
LES OM:
Urnes stavkyrkje
Breheimsenteret
Aktivitetar i Jostedalen
Nigardsbreen
Detaljar om breturane
Overnatte i Jostedalen
Nigardsbreen KART
Brebussen går mellom Sognefjordområdet og Nigardsbreen
NigardsbreenBLÅIS - FAMILIETUR
1 time på isen

Ein lett og triveleg tur som høver for alle frå 6 år og oppover. Ingen krav til deltakarane bortsett frå at dei må ha sko/støvlar med låge hælar, som joggesko etc. og klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts). Du betalar direkte til guiden på breen.
Sesong 01/7-25/8
Tid 11:30
12:30
14:00
15.00
Hugs at på desse tidspunkta må du vere klar ved iskanten. Ta difor båten minst ein time før, om du kan.
Krav min. 6 år. Sko/støvlar med låge hælar, klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts). Det er ikkje høve å ta med ungar i beremeis.
Frammøte Ved venstre brekanten min. 30 min. før turen startar. NB! Du bør ta båten minst 45 min. før start-tidspunkta. NB! Kun kontant betaling ved breen.
Pris vaksne kr. 200.- / barn kr. 100.-
Billettar Hos breførar, ved start. Kan tingast for grupper over 15 pers.

Nigardsbreen

 

NigardsbreenBLÅISTUR
ca. 3 timar på isen

Dette er ikkje ein hard og kondisjonskrevjande blåistur sjølv om den går i litt vanskelegare delar av breen. Her kan du oppleve og utforske dei flottaste formasjonar og fargar i nedre delen av bretunga. Inkludert i prisen er komplett breutstyr samt brestøvlar for dei som ikkje har eigne turstøvlar. Ta med varme og vindtette klede, mat og drikke
31/5-12/9 kl. 12:15
28/6-22/8 kl. 10:15
Krav min. 12 år, klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts)
Frammøte Møt breføraren ved utstyrshytta på parkeringsplassen ved Brevatnet. Hugs booking på Breheimsenteret
Pris 525.- inkl. båttransport og utstyr
Billettar Breheimsenteret seinast 1 time før frammøte
Som privattur min. 10 år.
1-3 pers: 2190,- totalt
4-10 pers: 625,- p.p.
11-16 pers: -10%

Nigardsbreen

NigardsbreenKORT BLÅISTUR
ca. 2 timar på isen
Ein kortare blåistur. Tilsvarar Blåistur når det gjeld krav til utstyr, alder og klede.
17/5-26/9 kl. 11:45
28/6-22/8 kl. 12:45
6/7-15/8 kl. 13:45
Krav min. 12 år, klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts)
Frammøte Møt breføraren ved utstyrshytta på parkeringsplassen ved Brevatnet. Hugs booking på Breheimsenteret
Pris 430.- inkl. båttransport
Billettar Breheimsenteret seinast 1 time før frammøte
Som privattur

min. 10 år.
1-3 pers: 1850,- totalt
4-10 pers: 530,- p.p.
10+ pers: -10%

Nigardsbreen

NigardsbreenSPESIAL BLÅISTUR
(små grupper) ca. 5 timar på isen

Ynskjer du å oppleve ein meir krevjande bretur kan du bli med på ein lengre tur i blåisen på Nigardsbreen. I små grupper på maks. 6 personar får du prøve vanskeleg blåisvandring - og for dei som vil - isklatring på topptau.
Bli med på ei spanande utforsking av breens fargar og formasjonar, sprekkar og istårn utanfor dei mest brukte rutene. Ta med varme klede, vind/regntøy, lue og solbriller samt mat og drikke

Sesong 05/7-21/8
Tid Måndag, onsdag, fredag og laurdag kl. 10:30
Krav Min. 12 år. God fysisk form og varme klede
Frammøte Møt breføraren ved utstyrshytta på parkeringsplassen ved Brevatnet. Hugs booking på Breheimsenteret før kl. 10.00
Pris 740.- inkl. komplett bre-/klatreutstyr og båttransport
Billettar Breheimsenteret, før kl. 10.00
Som privattur
min 10 år.
1-3 pers. 2850.- totalt
4-6 pers. 850.- p.p.
Nigardsbreen