Norsk --- English
Buss til Nigardsbreen!
19. ma i- 30. september

Sjå dine rutetider:
Flåm
Balestrand
Lærdal
Sogndal
Årdal
Vik
Leikanger
Fjærland
Solvorn og Urnes
Til Urnes stavkyrkje
Billettar og prisar
LES OM:
Urnes stavkyrkje
Breheimsenteret
Aktivitetar i Jostedalen
Nigardsbreen
Detaljar om breturane
Overnatte i Jostedalen
Nigardsbreen KART
Brebussen går mellom Sognefjordområdet og Nigardsbreen

Urnes stavkyrkje blei bygd tidleg på 1100-talet og er Noregs eldste stavkyrkje. Deler av ei endå eldre kyrkje blei brukt under bygginga.
Særleg betydeleg er nordportalen. Inne er kyrkja prega av den varme fargetonen i det århundre gamle furutrevirke. Frå middelalderen stammar mellom anna bispestolen i koret, lysestakane og treskulpturen av Jesus, Maria og Johannes.
Reformasjonsårhundret har etterlete sine tydlege spor; benkane, dei lukka kyrkjestolane og dekorasjonane. Altertavla og preikestolen er ifrå det 17. århundret.
Den lukka kyrkjestolen til familien Munthe representerer eit grovt inngrep i kyrkja sin konstruksjon.
Då den blei bygd, måtte to av bæresøylene (stavane) fjernast, og det blei nødvendig med andre støttetiltak.
Urnes stavkyrkje er mellom dei viktigaste kulturminne i Norge og er ført opp på UNESCO si liste over særleg verneverdige kulturminnesmerke saman med Bryggen i Bergen og Bergstaden i Røros ("World Heritage List"). Sjå også www.stavechurch.com.

Urnes gard
Ornes var på 1300-talet den største garden i Sogn , og mot slutten av 1400-talet truleg den største adelsgarden i landet.
Ornes var ein adelsgard like til 1663 då bergens-biskopen Jens Schjeldrup kjøpte den.
Seinare gjekk garden i arv til dottera hans som gifta seg med presten Jens Bugge i Leikanger. Ornes gjekk deretter i arv i Buggeslekta.
I dag driv Urnes gard turistverksemd med kafè og overnatting.