Book trugeturer med oss fra 1.desember, og opplev brelandskapet i vinterdrakt
Besøk Breheimsenteret
Breheimsenteret ligg ved inngangen til Nigardsbreen naturreservat, med utsikt til det karakteristiske brefallet Nigardsbreen. Her formidlar vi naturverdiane til Breheimen og Jostedalsbreen nasjonalpark, historia og aktivitetane i Jostedalen.
Formidling
Breheimsenteret ligg midt mellom Jostedalsbreen og Breheimen nasjonalpark. Her er det variert natur med isbrear, fjell og vatn. Vi ønskjer å formidle kunnskap om naturen og om klimaendringane. Gjennom utstilling og bruk av det spennande brelandskapet kan besøkande oppleve og erfare naturen. Her kan skuleklasser og studentar sjå isbreen og spora han har laga i landskapet, på nært hald.
Nigardsbreen
Is, snø og rennande vatn har vore med på å forme landskapet rundt oss til djupe dalar og fjordar, høge fjell og tindar. Isbrear fortel oss mykje om klimaet når dei har vakse fram og smelta vekk gjennom alle tider. Breane er mystiske og spennande og tiltrekkjer seg menneske for opplevingar, forsking og rekreasjon.
Nasjonalparkane
Brear veks fram der det er mykje snø og kalde somrar. Høgt til fjells, ved ein kyst som tar imot lågtrykk etter lågtrykk, har Jostedalsbreen vakse fram. Jostedalsbreen og Breheimen nasjonalpark har 9 av dei 30 største breane i Norge. I Jostedalen møtest Jostedalsbreen med sine store villmarksområde og Breheimen med frodige stølsdalar og tørre høgfjellsområde.
For meir informasjon om Noregs nasjonalparkar, sjå her.
Overnatting
Aust for Jostedalsbreen og lengst inne i Sognefjorden kan du bu og ete godt. Ver heilt nær fleire spennande aktivitetar og utforsk naturen på eiga hand, sommar som vinter.
Aktivitetar i Jostedalen
Ønskjer du å oppleve blåisen på nært hald? Erfarne førarar tar deg med til fjells både sommarstid og vinterstid. Jostedalen byr på fantastisk natur og spennande landskap.
Brevegen
Brevegen går frå Breheimsenteret og fram til parkeringsplassen ved Nigardsbrevatnet.
Kurs, konferanse og bryllup
Utforsk de fantastiske fasilitetene ved Breheimsentret for ditt neste arrangement. Enten det er et kurs, en konferanse eller et bryllup, tilbyr vi en unik setting i hjertet av naturen.
Title | Address | Description |
---|---|---|
Breheimsenteret | Brevegen 8, 6871 Jostedal, Norge | |
Jostedalsbreen | 9FH9M2HM+2X | |
Breheimen nasjonalpark | JCR8+M6 Mjolver, Norge | |
Jotunheimen nasjonalpark | 9FH9FVPW+WP | |
Brevandring | M5JX+5M Mjolver | |
Kajakkpadling | 9FH9QF98+J3 | |
Rafting | J7J8+4G Gjerde, Norge | |
Nigardsbrevatnet | M6FM+93 Mjolver, Norge | |
Juving | F7C2+6V Gaupne, Norge |