a
Langsua nasjonalpark
a

Meny

Velkommen til Breheimsenteret

Breheimsenteret er besøkssenter for Jostedalsbreen og Breheimen nasjonalpark. Senteret ligg i Jostedalen, med utsikt rett mot Nigardsbreen. Her kan du oppleve breane på nært hald, nyte god mat og lære mykje i utstillinga vår.

Kontakt oss

Breheimsenteret
6871 Jostedal
T: 57 68 32 50
E: jostedal@jostedal.com

M

Meny

Kommande arrangement

Kvinne og mann på Breheimsenteret.

Besøk Breheimsenteret

Breheimsenteret ligg ved inngangen til Nigardsbreen naturreservat, med utsikt til det karakteristiske brefallet Nigardsbreen. Her formidlar vi naturverdiane til Breheimen og Jostedalsbreen nasjonalpark, historia og aktivitetane i Jostedalen.
arrow-r

Formidling

Breheimsenteret ligg midt mellom Jostedalsbreen og Breheimen nasjonalpark. Her er det variert natur med isbrear, fjell og vatn. Vi ønskjer å formidle kunnskap om naturen og om klimaendringane. Gjennom utstilling og bruk av det spennande brelandskapet kan besøkande oppleve og erfare naturen. Her kan skuleklasser og studentar sjå isbreen og spora han har laga i landskapet, på nært hald.
arrow-r
Kvinne som peker mot en isbre.
Nigardsbreen

Nigardsbreen

Is, snø og rennande vatn har vore med på å forme landskapet rundt oss til djupe dalar og fjordar, høge fjell og tindar. Isbrear fortel oss mykje om klimaet når dei har vakse fram og smelta vekk gjennom alle tider. Breane er mystiske og spennande og tiltrekkjer seg menneske for opplevingar, forsking og rekreasjon.
arrow-r

Nasjonalparkane

Brear veks fram der det er mykje snø og kalde somrar. Høgt til fjells, ved ein kyst som tar imot lågtrykk etter lågtrykk, har Jostedalsbreen vakse fram. Jostedalsbreen og Breheimen nasjonalpark har 9 av dei 30 største breane i Norge. I Jostedalen møtest Jostedalsbreen med sine store villmarksområde og Breheimen med frodige stølsdalar og tørre høgfjellsområde. For meir informasjon om Noregs nasjonalparkar, sjå her.
arrow-r
Ung gutt i fjellet
Elv og campingplass i Breheimen

Overnatting

Aust for Jostedalsbreen og lengst inne i Sognefjorden kan du bu og ete godt. Ver heilt nær fleire spennande aktivitetar og utforsk naturen på eiga hand, sommar som vinter.
arrow-r

Aktivitetar i Jostedalen

Ønskjer du å oppleve blåisen på nært hald? Erfarne førarar tar deg med til fjells både sommarstid og vinterstid. Jostedalen byr på fantastisk natur og spennande landskap.
arrow-r
Mennesker i kajakk på vannet
Title Address Description
Breheimsenteret
Brevegen 8, 6871 Jostedal, Norge
Jostedalsbreen
9FH9M2HM+2X
Breheimen nasjonalpark
JCR8+M6 Mjolver, Norge
Jotunheimen nasjonalpark
9FH9FVPW+WP
Brevandring
M5JX+5M Mjolver
Kajakkpadling
9FH9QF98+J3
Rafting
J7J8+4G Gjerde, Norge
Nigardsbrevatnet
M6FM+93 Mjolver, Norge
Juving
F7C2+6V Gaupne, Norge
Portal-Norges-nasjonalparker

Kvar ligg Breheimsenteret?

Breheimsenteret ligg i Jostedalen i Luster kommune, midt mellom Breheimen og Jostedalsbreen nasjonalpark.
Togstasjon

Korleis kjem eg meg dit?

Med bil frå rv 55 over Sognefjellet eller frå rv 5 via Sogndal. Eventuelt med buss, båt eller fly til Sogndal og Brebussen derfrå til Breheimsenteret.
Tursti-fottur

Startpunkt

Til Jostedalsbreen nasjonalpark frå Breheimsenteret, Styggevatnet og Bergset. Til Breheimen frå Vanndalen, Fagredalen, Vigdalen, Styggevatnet.
Utkikkspunkt

Utkikkspunkt

Breheimsenteret.
Portal-Norges-nasjonalparker

Nasjonalparker i nærheten

Breheimen, Jostedalsbreen og Jotunheimen.