1. Heim
  2. Båt til breen

Båt til breen

Den enklaste måten å besøkje Nigardsbreen er ved å ta turen med båt over brevatnet. Båten går mellom juni og september. Bli med MS Vitlerypa eller MS Jostedalsrypa når du skal oppleve breen!
a

Meny

Langsua nasjonalpark

Kontakt oss

Breheimsenteret
6871 Jostedal
T: 57 68 32 50
E: jostedal@jostedal.com

M

Meny

Båt på vannet, med Nigardsbreen i bakgrunnen

Båtturen til Nigardsbreen

MS Jostedalsrypa tek 22 passasjerar, og pendlar kontinuerleg mellom parkeringsplassen og Nigardsbreen kvar dag i sesongen.

Alt etter korleis smeltinga er om våren, startar båtsesongen mot slutten av mai/juni, og held på ut september. I høgsesongen (frå juli til ca 25.august) går det to båtar, MS Jostedalsrypa og MS Vitlerypa.

Det er ikkje råd å tinge plass på båten, og dei har ingen fast timeplan. Det er berre å møte opp ved bryggja, kjøpe billett ved frammøte (kredittkort og Vipps) og båtane køyrer fram og tilbake så snøgt det let seg gjere.

Enkelte avgangar kan bli fyllt opp av folk som skal vere med på dei daglege breturane til Jostedalen Breførarlag.

Pris:

Born t/r kr. 50,-
Vaksen t/r kr. 75,-
Born ein veg kr. 30,-
Vaksen ein veg kr. 50,-