Aktivitetar i Jostedalen

Ønskjer du å oppleve blåisen på nært hald? Erfarne førarar tar deg med til fjells både sommarstid og vinterstid. Jostedalen byr på fantastisk natur og spennande landskap. Breheimsenteret er eit godt utgangspunkt for både små og store eventyr som brevandring, fjelltur, kajakkpadling og rafting. Det finst uendeleg med moglegheiter for å gå inn i naturen på eventyr, på eiga hand eller saman med ein guide.
a

Meny

Langsua nasjonalpark

Kontakt oss

Breheimsenteret
6871 Jostedal
T: 57 68 32 50
E: jostedal@jostedal.com

M

Meny

Person kledd i rødt, på toppen av Nigardsbreen
Landskapet er forma av breane over mange tusen år. Å ferdast i dette bre- og fjellandskapet er ei oppleving av korleis herjingane til isbreen har prega landskapet og levevilkåra gjennom tidene.

Mellom mai og oktober er brevandring, kajakkpadling og rafting spennande aktivitetar for alle. Om vinteren er blåisgrotta eit spennande turmål. Om denne turen er for krevjande, er trugeturar i brelandskapet ein alternativ aktivitet som passar for alle. Det er som regel gode snøforhold i Jostedalen og uendeleg med skimoglegheiter.

Kva med å kombinere ein rå topptur eller tur i blåisgrotta med middag på Jostedal hotell, eller eit bad i Lustrabadet?

Mennesker på ski i fjellet

Guida tur til Nigardsbreen utsiktspunkt

Ønskjer du å lære meir om breen og korleis breen har påverka liv og landskap? Då kan du bli med naturrettleiaren vår på guida tur til Nigardsbreen. Her får du sjå korleis breen har forma landskapet og høyre om den dramatiske historia då Nigardsbreen vaks og tok med seg gardshus.

Båt på vannet, med Nigardsbreen i bakgrunnen
På veg til turstart køyrer du gjennom morenelandskapet frå «den vesle istida» fram til brevatnet. Frå Nigardsbreen parkering tar vi båten for ein ekstra rundtur på det grøne brevatnet. Herifrå går vi gjennom det nyleg isfrie landskapet framfor breen. Ved utsiktspunktet tar vi ein pause og smakar på spekemat av Brelam, kjøt frå lam som beitar i dalen. Inkludert i billetten er eit besøk i utstillinga ved Breheimsenteret, besøkssenter for Jostedalsbreen og Breheimen nasjonalpark.

Pris: 350 kr for vaksne og 250 kr for barn (opptil 16 år). Prisen inkluderer inngang i utstillinga, båtbillett og smaksprøve.
Varigheit: Ca. 2,5 timar.
Oppmøte: kl. 12.15 ved parkeringa ved Nigardsbrevatnet

Bilde av Nigardsbreen

Brevandring

Brevandring på blåis er mogleg på Nigardsbreen frå mai til oktober. Opplev spaninga ved å vandre i blåis, høyr isen smelte og sjå det vakre landskapet skapt av ein isbre gjennom tusenar av år. I Jostedalen ligg Nigardsbreen, den lettast tilgjengelege isbreen i Noreg, og fleire andre brearmar frå Jostedalsbreen som er fullt moglege å besøke med guide.

Barn og voksne på isbre
Du kan bli med på korte og lengre breturar med erfarne og kunnskapsrike breførarar, i små eller store grupper. Naudsynt utstyr får du låne, for å vandre i blåisens fantastiske formasjonar. Det blir arrangert kurs i breferdsel for nybyrjarar og vidarekomne i tillegg til instruktørkurs.

I april og mai kan du bli med på vårens vakraste eventyr, «Josten på langs». I løpet av tre dagar opplever du Jostedalsbreen frå toppen, med start i Jostedalen og avslutning i Fjærland, frå høgfjell til fjord.

For meir informasjon om turane og booking:
Jostedal Breførarlag
Icetroll
Norgesguidene
Fjord Active

Tursko med ispigger plantet i is

Kajakk

I Jostedalen kan du få oppfylt draumen om å padle kajakk blant isberg! Det er mogleg å padle på fleire brevatn, frå isen går tidleg om sommaren til utpå hausten.

Mann og kvinne i kajakk, med fjell i bakgrunnen
Å snirkle kajakken mellom isfjell på tur inn til ein av dei vakre brearmane er ei magisk oppleving som passar for alle. Turane varierer i tid og distanse, ut frå besøkande sine ønskje. Frå mai er det tilbod om kajakkpadling på Nigardsbrevatnet, kombinert med brevandring. Isen går litt seinare på Styggevatnet og Tunsbergdalsvatnet, så der startar sesongen litt seinare.

For meir informasjon og booking:
Icetroll

Rafting

På ferda gjennom Jostedalen mot Sognefjorden byr Jostedøla på spennande utfordringar. Dei ulike delane av elva passar både for familiar, nybyrjarar og dei som søkjer meir spenning.

Mennesker i raftingbåt i frådende elv
Erfarne guidar tar deg med på rafting gradert frå grad 1 til 4. Nedre aldersgrense er 4 år.

For meir informasjon og booking:
Icetroll

Blåisgrotta

Besøk Nigardsbreen på vinterstid på truger eller ski og opplev den flotte blåisen. Om tilhøva tillèt det, kan ein ta ein tur under isen! Kvart år undersøkjer vi isen på leit etter isgrotter ein trygt kan besøkje, men kvart år er ulikt. Enkelte vintrar er det store grotter, andre gonger små. Magien frå den blå breisen er uansett den same!

Mann i Blåisgrotta
Ta kontakt med guide Bjørnar for meir informasjon og booking:
bjorjost@gmail.com
Facebook: Icecave
Tlf.: 959 23 689

Ein tur i bregrotta kan kombinerast med overnatting og andre aktivitetar i Jostedalen, sjå her for meir informasjon.

Trugetur i brelandskapet

Opplev brelandskapet på vinteren med naturrettleiaren vår. Breheimsenteret tek deg med på tur der du får meir kunnskap om breen og får høyre dei dramatiske historiene frå brebygda. Dette er ei fin oppleving for heile familien med bålkos og snøleik.

Tre personer på trugetur.

Turen er lett gått for personar i normal fysisk form, og varar i omtrent 2 timar.
Vi går ei runde i Nigardsbredalen og tek ei god bålpause med enkel servering. Når snøen ligg nyttar vi truger, og er det bart går turen i variert terreng. Kom på dagstur eller overnatt i Jostedalen og kombiner turen med ein tur til blåisgrotta i Nigardsbreen, eller topptur i dei flotte Jostedalsfjella.

Informasjon om bekledning

Ta på vinterklede og gode sko.

Påmelding

Send e-post til jostedal@jostedal.com eller ring 57 68 32 50.

 

  • Dagleg avgang på førespurnad.
  • Påmelding seinast 3 dagar før tur.
  • Oppmøte: parkeringa ved Breheimsenteret i Jostedalen.
  • Pris: 500 kr vaksne/300 kr born (u. 16 år). Minimumpris 1600 kr.

Trugeturen kan kombinerast med overnatting og andre aktivitetar i Jostedalen, sjå her for meir informasjon.

Tre personer på trugetur.

Fjelltur

Ønskjer du å gå turar på eiga hand, kan du komme innom Breheimsenteret og få med deg turkort som gir kort og god informasjon om turen du skal gå. Dette er ein enkel måte å utforske dei flotte turområda i Jostedalen på. Vi har mange gode turforslag.

Mann og hund på fjelltur
Title Address Description
Gamlevegen 3,5 km
H7PM+WC Gjerde, Norge

Start ved Jostedal kyrkje. Turen følgjer gamlevegen over Styggegjølet. Gamlevegen er godt synleg med murane sine, noko som gir turen eit historisk sus.
Høgdeskilnad: 70 m.
Vanskegrad: Lett

Turkort forside · Turkort bakside

Dalen 2,3 km
9FH9G7XR+6RStart i Fossøy.  Ein lett tur frå flaumminnesmerket i Fossøy. Frå toppen får du flott utsyn ned att i grenda.
Høgdeskilnad: 120 m.
Vanskegrad: Lett

Turkort forside · Turkort bakside

Gjerde 3 km
Brevegen 8, 6871 Jostedal, NorgeStart ved Breheimsenteret og opplev Jostedalen for eiga maskin! Denne løypa tek deg og familien mellom Gjerde og Breheimsenteret.

Høgdeskilnad: 50 m.

Vanskegrad: Lett

Turkort forside · Turkort bakside

Nigardsbreen 10 km
Brevegen 8, 6871 Jostedal, NorgeStart ved Breheimsenteret og gå ein flott tur gjennom Nigardsbreen naturreservat og heilt fram til brefronten av Nigardsbreen.

Høgdeskilnad: 20 m.

Vanskegrad: Middels

Turkort forside · Turkort bakside

Bergsetbreen 3,5 km
J5V9+MW Gjerde, Norge

Start ved Bergset. Ein tur som høver godt for barnefamiliar. I enden av den vakre Bergsetdalen ligg den skimrande Bergsetbreen og ventar på deg.
Høgdeskilnad: 60 m.
Vanskegrad: Middels

Turkort forside · Turkort bakside

Røykjedalen 4 km
J6P8+66 Gjerde, NorgeStart: Snøtun Flott stølstur. På stølen kan du nyte nista medan sauene beiter fredeleg rundt omkring.

Høgdeskilnad: 460 m.

Vanskegrad: Middels
Bakkedalen 4 km
H7XH+Q6 Gjerde, NorgeStart i Bakken. Tydeleg sti til stølen i Bakkedalen. Frå stølsvollane kan du nyte utsikta eller gå vidare og ta deg eit bad i Bakkedalsvatnet.

Høgdeskilnad: 460 m.

Vanskegrad: Middels
Holmevatnet 4 km
M9CP+74 Mjolver, NorgeStart: Fagredalen Her startar du over tregrensa og går i høgfjell heile vegen. Holmevatnet er kjent for å vere eit godt fiskevatn, så hugs fiskekort.

Høgdeskilnad: 240 m.

Vanskegrad: Middels
Myrhyrna 5,6 km
Unnamed Road, 6871 Jostedal, NorgeStart ved Vanndalsvatnet Det mest særeigne fjellet i Jostedalen er vorte eit signaturfjell for så vel lokalbefolkninga som kunstnarar. Frå toppen ser du både Jotunheimen og Jostedalsbreen. Ein luftig tur!

Høgdeskilnad: 440 m.

Vanskegrad: Krevjande

Turkort forside · Turkort bakside

Hytta på Mannen 6 km
Unnamed Road, 6871 Jostedal, NorgeStart ved Vanndalsvatnet. Frå sikringsbua på fjellet Mannen er det flott utsikt til både Jostedalsbreen og Jotunheimen. I hytta kan du ete nistepakka i ly for vêr og vind.

Høgdeskilnad: 460 m.

Vanskegrad: Krevjande
Haugafjellstølen 5 km
J7J3+JM Gjerde, NorgeStart på Gjerde eller Haugen. Sørvend, solrik og til dels bratt tur. Haugafjellstølen er ein av dei mest brukte trimturane i Jostedalen og byr på vakkert utsyn. Mogleg å gå vidare til Haugsvarden.

Høgdeskilnad: 480 m.

Vanskegrad: Krevjande
Liastølen 3,9 km
Nedreli 36, 6871 Jostedal, NorgeStart: Gardshaugen Flott tur til gamal støl og vakkert kulturlandskap. På Liastølen beiter det framleis både sau og kyr.

Høgdeskilnad: 390 m.

Vanskegrad: Krevjande
Vassdalen 7 km
Nedreli 36, 6871 Jostedal, NorgeStart på Gardshaugen. Fin tur for turvande familiar. Noko bratt sti i eit vakkert beite- og stølslandskap der dyra framleis beiter. Flott utsikt og idylliske omgjevnader der du både kan fiske og bade.

Høgdeskilnad: 470 m.

Vanskegrad: Krevjande
Vangsen 6,6 km
Unnamed Road, 6871 Jostedal, NorgeStart i Vanndalen Vangsen (1757 moh.) er «stortoppen» i Jostedalen, og om sommaren er han ganske lett tilgjengeleg på grunn av den høgtliggjande anleggsvegen.

Høgdeskilnad: 710 m.

Vanskegrad: ekspert
Gjerde–Bergset
Jostedalsvegen 3051, 6871 Jostedal, NorgeFlott sykkeltur inn vakre Krundalen. I enden skimtar du Bergsetbreen, som kan nåast til fots frå parkeringa på Bergset. 
Høgdeskilnad: 200 m.
Vanskegrad: Lett
Gjerde–Nigardsbreen
J7J7+HH Gjerde, NorgeFølg asfaltvegen fram til Breheimsenteret og vidare til parkeringa ved Nigardsbrevatnet. Mykje biltrafikk i høgsesongen. 
Høgdeskilnad: 80 m.
Vanskegrad: Lett
Gjerde–Styggevatnet
Fv334 13, 6871 Jostedal, NorgeDenne sykkelturen byr på flott brelandskap opp til Styggevatnet og Austdalsbreen. 1000 høgdemeter stigning og stadvis bratte bakkar gjer dette til ein relativt tung sykkeltur. Hugs lykt og refleks i tunnelen! 
Høgdeskilnad: 1000m.
Vanskegrad: Krevjande

Juving

Vil du vere med på ei frisk og morosam oppleving i elva? I Jostedøla kan du verkeleg få kjenne på spenninga og gleda av å leike seg i ei skummande breelv, når du blir med på juving.

Mennesker som juver sammen med Fjord Active
Med våtdrakt, redningsvest og hjelm kan du utforske jettegryter og fossefall i Leirdøla. Prøv deg på svømming, klatring, vassklier og kanskje klippehopp? Juving er ein familievennleg aktivitet, nedre aldersgrense 10 år.

For meir informasjon om turane og booking:
Fjord Active

Person som juver, og sikkerhetspersonell fra Fjord Active

Natursti

Frå Breheimsenteret kan du følgje den informative og interessante naturstien fram til Nigardsbrevatnet. Nede ved parkeringsplassen på Breheimsenteret finn du ei oversikt over turen, og du finn enkelt vegen ved å følgje dei lyseblå kjeglene. På turen kan du lære meir om geologi, historie og bre. Dette er ein fin tur som passar for alle. Rekn ca. 1 time kvar veg.

Bilde av sti i naturen