
Båtturen til Nigardsbreen
MS Jostedalsrypa tek 22 passasjerar, og pendlar kontinuerleg mellom parkeringsplassen og Nigardsbreen kvar dag i sesongen.
Alt etter korleis smeltinga er om våren, startar båtsesongen mot slutten av mai/juni, og held på ut september. I høgsesongen (frå juli til ca 25.august) går det to båtar, MS Jostedalsrypa og MS Vitlerypa.
Det er ikkje råd å tinge plass på båten, og dei har ingen fast timeplan. Det er berre å møte opp ved bryggja, kjøpe billett ved frammøte (kredittkort og Vipps) og båtane køyrer fram og tilbake så snøgt det let seg gjere.
Enkelte avgangar kan bli fyllt opp av folk som skal vere med på dei daglege breturane til Jostedalen Breførarlag.
Pris:
Born t/r kr. 50,-
Vaksen t/r kr. 75,-
Born ein veg kr. 30,-
Vaksen ein veg kr. 50,-