Besøk Breheimsenteret

Breheimsenteret ligg ved inngangen til Nigardsbreen naturreservat, med utsikt til det karakteristiske brefallet Nigardsbreen. Her formidlar vi naturverdiane til Breheimen og Jostedalsbreen nasjonalpark, historia og aktivitetane i Jostedalen.
a

Meny

Langsua nasjonalpark

Kontakt oss

Breheimsenteret
6871 Jostedal
T: 57 68 32 50
E: jostedal@jostedal.com

M

Meny

Breheimsenteret foran isbrea.

Prisar og opningstider

Opningstider:
Måndag–fredag – 10.00–16.00
Laurdag og søndag – 10.00–17.00

Prisar, utstilling:
Vaksne: 85 kr
Barn under 10 år: Gratis
Barn, honnør, student og gruppe: 55 kr

Breheimsenteret om natten under stjernehimmel.

Utstilling

Breheimsenteret er eit autorisert besøkssenter for Jostedalsbreen og Breheimen nasjonalpark. I utstillinga kan du lære om desse verneområda. Utstillinga syner noko av den mest varierte naturen vi har i Noreg, frå dei frodige, djupe dalane til karrig høgfjell og isbrear.

Kvinne og jente på Breheimsenteret.
Utstillinga viser på ein spennande, informativ og interaktiv måte korleis breane og klimaet har endra seg gjennom historia. Ho viser òg korleis brear har forma landskapet, og korleis det er å bu ved ein isbre og utnytte ressursane. Utstillinga er utforma av Pål Sundhell.

I kinosalen viser vi ein bildefilm som tar deg med på ei reise under, på og rundt Jostedalsbreen gjennom dei ulike årstidene.

Eit besøk på Breheimsenteret vil garantert vere lærerikt!

To kvinner i utstillingen på Breheimsenteret.

Servering

Nyt eit godt måltid med utsikt til Nigardsbreen etter ein lang dag på tur. I lunsjrestauranten kan du ete heimelaga rettar med fleire innslag av lokale råvarer. På søndagane er det eigen middagsmeny, med nye spennande rettar kvar gong. Følg med på facebooksida for oppdatert meny!

Kvinne og mann i kafeen på Breheimsenteret.
Om du ikkje har tid til å setje deg ned i restauranten vår, tilbyr vi ferdig påsmurde lunsjpakkar som du kan ta med deg på tur. Ta kontakt, så ordnar vi dette!

Vi tilbyr:

  • Standard lunsj (115 kr): heimelaga speltrundstykke med ost og skinke, eple og 0,5 l vatn.
  • De Luxe lunsj (155 kr): heimelaga speltrundstykke med laks og ruccola, eple, sjokolade og 0,5 l vatn.

Lunsjrestauranten kan ta imot både små og store grupper. Ta kontakt dersom de ønskjer tilbod på eigne gruppemenyar.

Smørbrød på Breheimsenteret.

Møtelokale/selskapslokale

Kva med å flytte møtet til eit litt utradisjonelt møtelokale med nærleik til naturen? Breheimsenteret er eit ideelt bygg for seminar og møte, og vi er gjerne vertskap for selskapet ditt.

Hender som holder tre kaffekopper.
Vi serverer lunsjrettar, kaker og kaffi og kan bidra med naturformidling i utstillinga og i Nigardsbredalen. Naturrettleiaren vår held innlegg om tema som isbre og klima, historier frå breen, Jostedalsrypa og svartedauden, reiseliv, Jostedalsbreen og Breheimen nasjonalpark.

Her har vi husa selskap som bryllaup, konfirmasjon, dåp og jubileum. Vi skreddarsyr opplegget for gruppa di, ta kontakt for tilbod.

Rød rose

Turistinformasjon

Breheimsenteret er turistinformasjon for dei som kjem på besøk til Jostedalen. Vi har mykje kunnskap om området, så kom gjerne innom om du ønskjer tips og råd for opphaldet ditt.

På senteret finn du alt du treng av brosjyrar og informasjon, og du kan booke turar med Jostedal Breførarlag og Icetroll. Vi hjelper deg med å planleggje opphaldet ditt!

Gamle bresko i turistinformasjonen på Breheimsenteret.
I butikken vår kan du få tak i minne frå turen til Jostedalen. Vi sel suvenirar, lokale produkt, matvarer, bøker og kart. Ta ein titt!

Vi sel blant anna spekepølser frå Brelam, eit lokalt føretak som lagar spekepølse, fenalår, pinnekjøt og salta kjøt. Kjøtet er av dyr som har beita i Nigardsbredalen og på høgfjellet vest for Nigardsbreen.

Treng du ei varm jakke, eller hue eller hanskar til turen, så finn du det i butikken vår.

Korleis kome seg hit

Breheimsenteret ligg mellom Jostedalsbreen og Breheimen nasjonalpark i Jostedalen i Luster kommune, inst i Sognefjorden. Dette er ein naturleg avstikkar om ein køyrer via Sognefjellet (rv. 55), eller kjem frå Sogndal og rv. 5.

Det er fleire måtar å ta seg til Breheimsenteret og Jostedalen på.

Title Address Description
Breheimsenteret
Brevegen 8, 6871 Jostedal, Norge
Buss
Busselskapet Kringom set opp «Brebussen», som er ei eiga sommarrute frå Sogndal til Nigardsbreen parkeringsplass. Gå inn på nettsidene til Kringom for å sjå busstabellen, eller på Travel like the locals.

Fly
Daglege avgangar til Sogndal Lufthamn frå Oslo og Bergen med Widerøe.

Båt
Daglege avgangar til Sogndal frå Bergen, og frå Flåm mellom 1. mai og 30. september norled.no. Frå Sogndal kan du reise vidare med buss.

Kjem du frå andre stader i Noreg, kan det vere fint å nytte reiseplanleggaren En tur.

To kvinner på Breheimsenteret

Om bygget

I 1993 stod Breheimsenteret ferdig for første gong. Det karakteristiske bygget har form som sprekk og tårn i ein isbre. Arkitekt var Rolf Sande ved arkitektkontoret A38 i Sogndal. Sommaren 2011 brann bygget ned til grunnen, og eit nytt bygg stod klart i 2013. Breheimsenteret blei i 1997 autorisert til besøkssenter for nasjonalpark. Vi har i dag særskilt ansvar for natur- og miljøformidling frå Breheimen og Jostedalsbreen nasjonalpark.

Breheimsenteret sett fra luften.

Kontakt oss

Besøksadresse: Breheimsenteret, Brevegen 8, 6871 Jostedal

Booking og kontakt:
Mail: jostedal@jostedal.com
Tlf.: +47 57 68 32 50

Marte Meland
Naturrettleiar
marte@jostedal.com

Åslaug Hansegård
Dagleg leiar
aaslaug@jostedal.com

To kvinner ved vinduet på Breheimsenteret