1. Heim
  2. Brevegen

Brevegen

Frå Breheimsenteret kan du køyre 3 km gjennom moreneområdet og til parkeringsplassen ved Brevatnet. Frå parkeringsplassen er det båttransport over vatnet. Bomstasjonen ved inngangen er automatisk. Ver vennleg betal med kort, via paypass.no eller tilsend faktura.
a

Meny

Langsua nasjonalpark

Kontakt oss

Breheimsenteret
6871 Jostedal
T: 57 68 32 50
E: jostedal@jostedal.com

M

Meny

Bilde av brevegen med isbreen i bakgrunnen

Brevegen gjer det muleg å køyre 3 km inn i Nigardsbreen naturreservat i Jostedalen, Luster kommune. Grensa til naturreservatet markerer også inngangen til Jostedalsbreen Nasjonalpark. Vegen tek av frå fylkesveg 604 ved Villa Fjellheim, der du ser både Nigardsbreen og Breheimsenteret.

Besøk Breheimsenteret, der du får kunnskap om breen, nasjonalparken og naturreservatet.

Brevegen

Vegen, parkering og båttransport

Når du har køyrt Brevegen til parkeringsplassen, kan du lettvint komme nærare breen ved å ta båt over vatnet, og gå vidare mot breen. Fronten av breen er eit imponerande syn, særleg om du kjem heilt inn til det oppmerka utsiktspunktet.
Vegen til breen er normalt open frå april til oktober, og om vinteren blir det køyrt langrennsløyper på vegen.
Alt etter korleis smeltinga er om våren, startar båtsesongen mot slutten av mai, og held på til 1. oktober.

  • I høgsesongen går begge båtane i pendeltrafikk.
  • Det er ikkje muleg å førehandstinge plass på båtane
  • Dei har ingen faste rutetider, men dei pendlar fram og tilbake, så det er berre å møte opp ved brygga.
  • Enkelte turar er reserverte til grupper som skal på bretur. Ver vennleg og respekter dette.
  • NB! Det er forbode å parkere natta over i naturreservatet.
Personer på brygge

Ved bompassering

Ved grensa til naturreservatet er det ein bomstasjon med automatisk avlesing av registreringsnummer på alle køyretøy. Du kan betale med Vipps, kort, passpay.no, eller få tilsendt faktura.

Betaling skjer ved utreise. Sjå nøyaktig rettleiing ved kamerastativet.

 

Bilde av brevegen med isbreen i bakgrunnen

Prisar

Vegen

Personbilar/motorsyklar kr. 90,-
Klyppekort (10 klypp) kr. 675,-
Personbil sesongkort kr. 900,-
Buss kr. 450,-

Båten (betaling ved båten)

Born t/r kr. 50,-
Vaksne t/r kr. 75,-
Born 1 veg kr. 30,-
Vaksne 1 veg kr. 50,-

Ved Nigardsbrevatnet

Om Brevegen AS

Brevegen AS vart stifta i 1958, og vegen vart bygd. Dette gjorde det mykje lettare å komme nær breen, og turisttrafikken har auka jamt etter det.

På slutten av 60-talet starta profesjonell breføring på blåisen, medan båttransport vart sett i gang i 1972.
I dag er trafikken mangedobla, Brebåtane AS har to båtar i høgsesongen, og Jostedalen breførarlag har 25-30 guidar i arbeid på breen, med turar og kurs.

I vintersesongen blir det køyrt opp skiløype på vegen.

Båt på veg til Nigardsbreen
Title Address Description
Utsiktspunkt
M6H3+MG Mjolver, Norge
Båt
M6FH+H7 Mjolver, Norge
Parkering
M6FM+2P Mjolver, Norge
Brevanding
M5JX+3H Mjolver, Norge