Formidling

Breheimsenteret ligg midt mellom Jostedalsbreen og Breheimen nasjonalpark. Her er det variert natur med isbrear, fjell og vatn. Vi ønskjer å formidle kunnskap om naturen og om klimaendringane. I utstillinga og i det spennande brelandskapet kan besøkande oppleve og erfare naturen. Her kan skuleklasser og studentar sjå isbreen og spora han har laga i landskapet, på nært hald.
a

Meny

Langsua nasjonalpark

Kontakt oss

Breheimsenteret
6871 Jostedal
T: 57 68 32 50
E: jostedal@jostedal.com

M

Meny

Kvinne som peker mot en isbre.

Skulebesøk

Vil skuleklassa eller barnehagen din komme til Breheimsenteret?
Vi har laga opplegg for barnehage og grunnskule knytt til kompetansemål innan naturfag, samfunnsfag og geografi. Vi legg til rette for at vidaregåande skular, høgskular og universitet skal kunne utføre feltarbeid og undervising i brelandskapet.

Har de lyst på besøk av naturrettleiaren vår?
Vi tar med oss naudsynt utstyr og besøkjer skular vi når frå Jostedalen.

Formidlinga vi gir er i utvikling, og vi er interesserte i å utvikle nye opplegg saman med din skule/barnehage. Ta kontakt for å tilpasse besøket best mogleg til dykkar gruppe.

Eksempel på undervisingsopplegg

1.–4. klasse

  • Landskapet etter breen – Korleis rennande vatn og skurande is har forma landet rundt oss. 1 t på skulen
  • Dyr i nasjonalparken – Lær å kjenne nokre av dyra som lever i nasjonalparkane og finn ut kven som er kven. 1–2 t på Breheimsenteret – kan gjerne kombinerast med utforsking i brelandskapet.
  • Folk ved breen – Historia om Jostedalsrypa og svartedauden, og den vesle istida – dramatiske hendingar. 1–2 t på Breheimsenteret

5.–7. klasse

  • Is, vatn og snø – Partikkelmodellen, faseovergangar, måling av isbrear. 2,5 t på skulen
  • Vegar til Jostedalen – Historia om ferdsel over breen og turisme. 1 t på Breheimsenteret
  • Landskapet etter breen – Korleis har is og vatn forma landskapet? 1 t på skulen
  • Brear og klima – Korleis har klimaet endra seg gjennom historia, kva ein bre er, kvifor han oppstår og kvifor han minkar. 2 t på Breheimsenteret
  • Berekraftig utvikling – Vasskraft og villrein. 1 t på Breheimsenteret. Kan kombinerast med besøk på kraftverk.
  • Rovdyr og forvaltning – Vern av rovdyr er omstridt og kjem ofte i konflikt med andre interesser. Elevane får kjennskap til forvaltning av naturområde i Noreg, og nokre av utfordringane med vern av jerv. 1 t på Breheimsenteret

8.–10. klasse

  • Bre og landskap – Breane endrar seg med årstida og gjennom åra. Ein isbre skil seg frå ei fonn med is og snø, og veks eller minkar ved ulike vêrtilhøve. I utstillinga finn elevane svar og eksempel på korleis breane har forma landskapet vårt gjennom tusenvis av år. 1–2 t på/utanfor Breheimsenteret
  • Spor etter isen – Utforsking av brelandskapet og vegetasjonen som etablerer seg etter at breen har trekt seg tilbake. Elevane får prøve seg på aldersbestemming ved hjelp av lichenometri. 2–3 t utanfor Breheimsenteret

Naturguiding

Dei kunnskapsrike guidane våre tar deg med på ei reise i historie og natur. I morenelandskapet som strekkjer seg frå Breheimsenteret til Nigardsbreen, kan du sjå endringane som har skjedd med landskapet sidan isen trekte seg tilbake. Varigheit og lengd på turen kan tilpassast til gruppa. I høgsesong er det daglege avgangar frå parkering ved Nigardsbrevatnet. Ta kontakt for meir informasjon og avtale på jostedal@jostedal.com.

    Barn i naturen

    Kalde fakta

    • Isbrear er klimaindikatorar; vekst eller tilbaketrekking avheng av kor mykje snø som kjem om vinteren og kor varmt det er om sommaren.
    • Brear er historiske arkiv; gjenstandar som er lagde igjen på breen og som blir omslutta av is, vert ikkje øydelagde sidan det ikkje kjem til luft. I Breheimen er det funne ein heil del gamle ski og jaktreiskapar frå fleire tusen år tilbake.
    • Isbrear har vore med på å lage fjordane og dalane som er så karakteristiske for Noreg.
    • 90 % av all isen på jorda er i Antarktis.
    • Rundt 1740, under «den vesle istida», låg Nigardsbreen 4,5 km lenger framme enn i dag, nesten ved Breheimsenteret.
    • Klimaet på jorda har veksla mellom istider og mellomistider mange gonger.
    • Noreg er einaste staden der det enno lever villrein i Europa, derfor har vi eit spesielt ansvar for å ta vare på dyra.
    • Jostedalsbreplatået er eit av dei største villmarksområda i Noreg.

    Brefoto frå Jostedalen

    Mange av breane rundt Jostedalsbreen har vorte fotograferte regelmessig i periodar dei siste hundre åra. Brefoto er interessante å sjå på for å finne ut korleis breane har endra seg. Nokre gonger er bilete tydlegare enn tal. Fotoarkiv finn du her, søk etter: Bergsetbreen Nigardsbreen Austerdalsbreen Stegholtbreen
    Bergsetbreen fotografert i 2008Bergsetbreen fotografert i 2008
    Fagerstølsbreen i 2019Fagerstølsbreen i 2019
    Nigardsbreen i 2018Nigardsbreen i 2018

    Jostedalsrypa

    Soga om Jostedalsrypa er ei av dei mest kjende historiene frå då svartedauden ramma Noreg på midten av 1300-talet. Historia fortel om jenta som skal ha vore den einaste attlevande i Jostedalen etter at pesten herja i området.

    Om du vil lære meir om Jostedalsrypa, finst det mykje informasjon hjå Jostedal historielag og i utstillinga på Breheimsenteret.

    Bilde av Jostedalsrypa.

    Prosjekt (JOSTICE)

    JOSTICE er eit stort forskingsprosjekt om Jostedalsbreen og folka som lever rundt breen. Målet er å kartleggje terrenget under breen, og å finne ut kva som skjer med området rundt breen når denne minkar. Resultata frå prosjektet skal presenterast på Breheimsenteret og dei andre besøkssentera ved Jostedalsbreen Ta ein titt på JOSTICE si nettside.