1. Heim
  2. Nasjonalparkane

Nasjonalparkane

Brear veks fram der det er mykje snø og kalde somrar. Høgt til fjells, ved ein kyst som tar imot lågtrykk etter lågtrykk, har Jostedalsbreen vakse fram. Jostedalsbreen og Breheimen nasjonalpark har 9 av dei 30 største breane i Norge. I Jostedalen møtest Jostedalsbreen med sine store villmarksområde og Breheimen med frodige stølsdalar og tørre høgfjellsområde.
a

Meny

Langsua nasjonalpark

Kontakt oss

Breheimsenteret
6871 Jostedal
T: 57 68 32 50
E: jostedal@jostedal.com

M

Meny

Bilde av Brenibba

Breheimen nasjonalpark

Variasjonen er stor i Breheimen, som omfattar frodige stølsdalar, karrig høgfjell og isbrear. Nasjonalparken spenner frå over 2000 moh. nesten heilt ned til fjorden. Her finn du nokre av dei mest nedbørsfattige og -rike områda i landet. Det er eit variert planteliv knytt til høgfjellsmiljø, rasmarker, gammal furuskog, kalkrik bjørkeskog, rik og gammal edellauvskog, fossrøyksoner og breelvdelta.

To mennesker på ski i Breheimen
Breheimen er blant anna bustaden til villreinen. Noreg har eit internasjonalt ansvar for å sikre leveområda til villreinen. I høgfjellet er det eit relativt sparsamt dyreliv utanom villrein. Fleire av dei store rovdyra (særleg jerv), rovfuglar (kongeørn, jaktfalk og fjellvåk) og andre raudlista fugleartar finst her. Breheimen nasjonalpark blei oppretta i 2009 og er 1691 km². Nasjonalparken breier seg over dei tre fjellkommunane Luster, Skjåk og Lom.

Hyttenettet til DNT omfattar også Breheimen, og det er 10 hytter knytte til DNT-rutene i nasjonalparken. Frå Jostedalen kan du ta fleire populære turar i Breheimen, som for eksempel Vangsen, Myrhyrna og Spørteggbreen, sjå UT.

Reinsdyr i Breheimen

Jostedalsbreen nasjonalpark

Jostedalsbreområdet er eit av dei største områda vi har att i Sør-Noreg med samanhengande urørd natur. Derfor har området stor nasjonal verdi, både for naturvern og friluftsliv. Store høgdeskilnader og variasjonar i lokalklima og påverknad frå breane har resultert i ei enorm spennvidde i naturtypar.

Bilde av Jostedalsbreen
Brear og vatn har forma eit landskap av U-forma dalar, morenar, blankskurde fjellsider, breelvsletter, rasmarker og urer, og det er stadig i endring. Området er kjenneteikna av sprudlande bekkar, elvar og fossar i fjellsider og dalar.  

Jostedalsbreen er den største isbreen i fastlands-Noreg og -Europa, og breen har ei samanhengande lengd på vel seks mil. Jostedalsbreen nasjonalpark blei verna i 1991 og har eit areal på 1314 km². Om lag halvparten av nasjonalparken er bredekt. Nasjonalparken ligg i kommunane Luster, Stryn, Sunnfjord, Gloppen og Sogndal. Jostedalsbreen er ein platåbre som sender heile 28 brearmar ut over kanten. Desse brearmane strekkjer seg frå om lag 300 til 2000 moh.

Jostedalsbreen nasjonalpark har mange populære turområde, særleg med fokus på bre-og fjellsport. Her har det vore lang tradisjon for brevandring og skiturar. Populære turar er brevandring på Nigardsbreen, vårskituren «Josten på langs» og brekryssingar mellom Jostedalen og Nordfjord.

Mennesker på ski på Jostedalsbreen