Nigardsbreen

Is, snø og rennande vatn har vore med på å forme landskapet rundt oss til djupe dalar og fjordar, høge fjell og tindar. Isbrear fortel oss mykje om klimaet når dei har vakse fram og smelta vekk gjennom alle tider. Breane er mystiske og spennande og tiltrekkjer seg menneske for opplevingar, forsking og rekreasjon.
a

Meny

Langsua nasjonalpark

Kontakt oss

Breheimsenteret
6871 Jostedal
T: 57 68 32 50
E: jostedal@jostedal.com

M

Meny

Nigardsbreen
Lengst inne i den langstrakte Jostedalen, mellom høge fjell og omkransa av Breheimen og Jostedalsbreen nasjonalpark, ligg Nigardsbreen. Synet av isen mellom dei høge fjella er overveldande. Nigardsbreen er ein av dei mest besøkte breutløparane frå Jostedalsbreen. Han er særleg kjend fordi han er så lett å kome til, og også mogleg å kome seg opp på. Med stegjern, sele, tau og ein kyndig førar kan ein oppleve den magiske stemninga frå blåisen, krystallklar is, drypande og glitrande.
Maleri av Nigardsbreen

Naturreservatet

Nigardsbreen naturreservat vart oppretta i 1985 og er 28,1 km². Det grensar til Jostedalsbreen nasjonalpark og ligg i Jostedalen i Luster kommune. Her finst det historiske og geologiske kjelder som fortel oss mykje om korleis isbreen har vakse og trekt seg tilbake. Området er verna på grunn av isbreen og avsetningar etter isbreen. Derfor er det ikkje lov til å flytte på stein, skade vegetasjon eller campe i naturreservatet.

Bilde av Nigardsbreen naturreservat
Det finst mange tydelege spor etter isen i Nigardsbreen naturreservat. Døme er morenar, skuringsstriper og jettegryter. Området er òg eit godt referanseområde for plantevekst etter tilbaketrekkinga til isbreen. Nigardsbredalen er interessant for forskarar frå heile verda.

Nyare metodar kan òg hjelpe oss med å finne ut korleis landskapet ser ut under isen. Dette kan vere nyttig i eit varmare klima der isen smeltar raskt.

Mennesker i naturen på vei mot Nigardsbreen

Sikker ferdsel

Det er fint å gå inn til fleire av breane i Jostedalen. Nigardsbreen og Bergsetbreen er dei mest besøkte breane, men Tuftebreen og Fåbergstølsbreen er òg verd eit besøk. Trygg ferdsel er mogleg om ein er kjend eller får ferdselsråd frå lokalkjende.

Følg skilting og respekter sperringane av omsyn til deg sjølv og andre, og få ei god oppleving ved Nigardsbreen eller andre breutløparar.

Bilde av advarselskilt ved isbreen
Isbrear er i rørsle og det kan rase store isblokker frå den utan forvarsel. Isras kan vere farlege, og kan også sperre for smeltevatnet slik at det oppstår plutselege flaumar eller endring av elveløp. Stein kan losne frå dei bratte fjellsidene, særleg når det er regn og uver. Unngå å opphalde deg i område der det kan kome isras, plutselege vassmengder eller steinsprang.

Skal du opp på breen eller heilt bort til den, rår vi deg til å gå med ein guide som kan vurdere forholda. Svaberga blir glatte når det er vått, så sko deg godt! Følg skilting av omsyn til deg sjølv og andre, og få ei god oppleving ved Nigardsbreen, eller andre breutløparar.

isras

Isras-symbol

Isbrear er i rørsle, og det kan rase store isblokker frå breen utan forvarsel.
flodbolge

Flodbølgje

Is kan også sperre for smeltevatnet slik at det oppstår plutselege flaumar eller endring av elveløp.
isras

Steinsprang

Stein kan losne frå dei bratte fjellsidene, særleg når det er regn og uvêr.
Unngå å opphalde deg i område der det kan kome isras, plutselege vassmengder eller steinsprang. Skal du opp på eller heilt bort til breen, rår vi deg til å gå med ein guide som kan vurdere forholda. Svaberga blir glatte når det er vått, så sko deg godt!
Mennesker bak sikkerhetssperring ved isbreen
Isbre i fjell.

Klede og utstyr

Vêret vekslar både sommar og vinter. Du må sjølv vurdere vêr og føre, form og ferdigheiter og førebu deg med eigna klede og utstyr. Gode sko er ein fordel på berg og stein. På isbreen bør ein ha solbriller og hanskar. Å ferdast i fjellet kan vere krevjande. Vel du å nytte deg av ein førar, gir det tryggleik og nyttige tips.

Mennesker på Nigardsbreen

Nigardsbreen utkikkspunkt

Nigardsbreen er den breen i Noreg som er lettast tilgjengeleg. Til Nigardsbreen kjem du til fots frå Breheimsenteret eller delvis med bil på bomveg til parkeringsplassen ved Nigardsbrevatnet. Herifrå er det mogleg å ta båt eit lite stykke, men siste delen må alle gå i om lag 40 min.

Utsikt mot Nigardsbreen
Frå parkeringsplassen er det litt over 1 t å gå fram til utsiktspunktet. Vegen er godt skilta hit. Sidan breen heile tida er i rørsle og endring, kan dette punktet bli flytta. Følg, og ha respekt for, skiltinga. Ho er der for å gjere turen trygg! Du vil kanskje møte på turfølgje som vel ein annan veg, men vi rår deg til å nytte ein førar om du vil gå utanom oppmerkt sti, om du ikkje har god kunnskap om brear og ferdsel sjølv.
Utsikt mot Nigardsbreen

Brevegen

Brevegen går frå Breheimsenteret og fram til parkeringsplassen ved Nigardsbrevatnet. Det er betaling med bankkort på bommen, følg instruksjonar! Vegen er vinterstengd. For meir informasjon og prisar, sjå www.brevegen.no.

Bilde av brevegen med isbreen i bakgrunnen

Båt til breen

Mellom juni og september går det båt på Nigardsbrevatnet. Start og sluttdato er avhengig av vasstanden i vatnet og kan variere. Båten går kontinuerleg på dagtid, og du treng ikkje reservere plass. Båten gjer turen inn til Nigardsbreen mykje lettare, då stien langs vatnet er kupert og til dels krevjande. Båtbillett kan kjøpast på kaien, med kort eller Vipps. For meir informasjon og prisar, sjå www.brevegen.no.

Mennesker i en båt på vei mot Nigardsbreen
Title Address Description
Utsiktspunkt
M6H3+MG Mjolver, Norge
Båt
M6FH+H7 Mjolver, Norge
Parkering
M6FM+2P Mjolver, Norge
Brevanding
M5JX+3H Mjolver, Norge