Turen er lett gått for personar i normal fysisk form, og varar i 2 timar. Vi går ei runde i Nigardsbredalen og tek ei god bålpause med enkel servering. Når snøen ligg nyttar vi truger, og er det bart går turen i variert terreng. Kom på dagstur eller overnatt i Jostedalen og kombiner turen med ein tur til blåisgrotta i Nigardsbreen, eller topptur i dei flotte Jostedalsfjella.
Pakketilbod: Vinteroppleving i brelandskapet
Nyt ei helg i Jostedalen med trugetur, god mat og overnatting.
Pris per person frå kr 2400 for to overnattingar i dobbeltrom inkl. frukost, niste, termos med varm drikke, 2-rettars middag og guida trugetur og bålkos i brelandskapet. Kombiner gjerne opphaldet med ein tur til blåisgrotta i Nigardsbreen, eller topptur i dei snørike Jostedalsfjella.
Ta kontakt for tilbod!
Booking:
Ta kontakt med oss på Breheimsenteret: tlf. 57 68 32 50 /jostedal@jostedal.com
eller Jostedal Hotel: tlf. 57 68 31 19/post@jostedalhotel.no
- Påmelding: send e-post til jostedal@jostedal.com eller ring 57 68 32 50.
- Dagleg avgang på førespurnad. Påmelding seinast 3 dagar før tur.
- Oppmøte: parkeringa ved Breheimsenteret i Jostedalen.
- Pris: 500 kr vaksne/300 kr born (u. 16 år). Minimumpris 1600 kr.